SKIPSVERFT I SAGVÅG

 

Ottesen Skipsbyggeri
Otte Ottesen Jensanes starta med båtbygging på Jensanes då han var 23 år gamal, i 1825. Læretida hadde han hjå Anders Arneson Kjærevik, på Vervatåno.

Ottesen Skipsbyggeri

JENSANES

I fjøra like nedanfor stovehuset, var det ein høveleg plass for jektebygging, og skipsbyggeriet, som han starta sommaren 1825, bygde båtar til litt inn på 1960-talet.


Under: Holmen. Per & Sverre Ottesen.

 
ÅSHEIM & VALVATNE

Åsheim & Valvatne
starta opp i 1935.
Fram til at verksemda dabba av fyrst på 1950-talet, vart i alt 14 nybygg sjøsette på Eriksøyro. Båtane varierte i storleik frå 40 til 110 fot

Til venstre: Åsheim & Valvatne .

HOLMEN

Breiavikjo
Vervatåno (Seglneset), Holmen, Skjeparvik, Eriksøyro og Tjøregrovneset.
Der det var plass til å strekkja ein kjøl, der gjorde dei det. Nokre skipsbyggeri var i drift berre ein kort periode,

Til høyre: Skjeparvikjo

BREIAVIKJO

Holmen
Holmen båtbyggeri er ein liten verv som var i drift mellom 1930 og 1965. Dei bygde mange mindre båtar i den tida, med 25 tilsette på det meste. Det var Per og Sverre Ottesen som dreiv Holmen båtbyggeri.
SKJEPAVIKJO

Tjøregrovneset
Eldste son til Otte Nilsson Ottesen, Nils B. Ottesen, gav seg ikkje då konkursen kom i Breiavikjo. Han leigde plass ute på Tjøregrovneset, og bygde to båtar der i 1924/1925.

Til høyre: Tjøregrovneset

TJØREGROVNESET

Skjeparvikjo
Fartein Håkonsen Vikanes, og sonen Arne, fødd 1849, bygde båtar innerst i Sagvåg, i 1870-åra. Så seint som i 1933 vart det her bygt ein gavlabåt for Severin Vikanes.

SEGLNESET

Elektrosveis
vart starta i 1951, av Gustav Alsaker og Trygve Ottesen. Dei bygde jarnbåtar på Vervatåno, same som Anders Arnesen Kjærevik bygde klinkerjekter i 1820.

Til venstre: Seglneset.

RISNES & SØNNER

Risnes & Sønner
Nils Risnes, og sonen, Sadok Risnes, etablerte si eiga verksemd den 17. januar 1949, under firmanamnet Nils Risnes & Sønn, ved Ytre Pollen i Sagvåg.

Til venstre:risnes & Sønner.