"BREIAVIKJO"
 

Otte var den eldste sonen til Nils Ottesen Jensanes. Han var fødd i 1860. Som eldste guten i ein stor syskenflokk, var det heilt naturleg at han tidleg, lenge før han vart konfirmert, hjelpte til på verven. Etter at han vart konfirmert, i 1875, fekk han hug til å ta ein tur

SLIPPEN båtane på land. Patentslippen i Breiavikjo var den første i sitt slag i distriktet. Det vart montert oppgangssag, og sett opp maskinverkstad og smie på Sandholmen. Etter at ein fekk slippane i Breiavikjo, vart det mykje arbeid med reparasjonar
Aalund
Johanna
Maaken
   
Fartøyliste

Breiavikaverven låg i Breiavikjo, og på Sandholmen. Starta i 1890 av Otte Nilsson Ottesen. Eigedomen vart festa frå Vikanes-garden. Breiavikjo, med Sandholmen, vart skjøtt frå Nils B. Ottesen i januar 1912. Det var i ein kort periode både den største, og den mest moderne av dei to skipsbyggeria, med i overkant av 50 tilsette, men Breiavikeverven gjekk konkurs i 1919. I 1930 vart Breiavikeverven kjøpt av Jensanesverven, som er det same som Ottesen Skibsbyggjeri. I 1924 - 1925 bygde den ovafor nemnte Nils B. Ottesen to båtar, på om lag 62 fot, på Tjøregrovneset, mest truleg av di banken då disponerte verven i Breiavikjo.

MOT SANDHOLMEN

om lag 1890. Han var spesialist på hønerevskøyter.Desse båtane var svært praktiske, det vart større dekksplass, medan skroget var det same som på ei vanleg skøyte. Det vart betre plass, både for fiske og for dekkslast.

I åra som følgde leverte Otte mange båtar frå Breiavikjo, og han slippsette båtar med renne og handslep.

Hønerevskøytene Otte bygde vart kjende over heile Vestlandet, på byrjinga av 1900-talet. Hildur var ei av dei, bygt for Valvatne Trelast. Denne kan ein sjå modell av i administrasjons-bygningen gjå Valvatne Trelasthandel i Sagvåg. (No flytta til Heiane - 2004).

I 1912-1914 bygde Otte to slippar i Breiavikjo, ein stor og ein liten, så no vart det lettare å få

SLIPPHUSET

med eit fartøy, for verkeleg å sjå og kjenna korleis desse oppførte seg i sjøen, men etter ei tid om bord, gjekk han attende til vervaarbeidet, saman med far sin på Jensaneset.

I 1882 var Otte ute for ei lei hending. Ein arbeidsdag fekk han seg eit slag i foten. Denne skaden tok seg ille til, og det enda med at foten vart amputert over kneet, og Otte måtte resten av livet gå med trefot.

Otte starta eige skipsbyggeri i Breiavikjo

av ymse slag. På oppgangssaga kunne dei no skjera stokkane til plank og til spantetømmer, alt etter trong. Stokkane fekk dei frå skogane her på Stord, og på Rydland.

I 1919 vart det spanta opp ein 152 fot stor båt (dampskipet «Solnut») på Sandholmen. Kontrakten vart kansellert, og skipsbyggeriet gjekk konkurs. Det var ikkje berre eigarane som vart råka, for Breiavikjo var ein stor arbeidsplass på den tida, med 50 mann i arbeid.