AASHEIM & VALVATNE
 
Fra Eriksøyro

Frå 1941 til 1945 vart heile seks nybygg kontraherte og bygde. Havfiskefartøyet «Aura» var den største båten dei bygde på Eriksøyro, og målte heile 110 fot.
Aura
fekk ein trist lagnad.Den 1. september 1944, kort etter at båten hadde forlate Sagvåg,

Fra Eriksøyro
Aura
Heimdal
Sagvåg I
Solvang
Bøvik
Tekla
 

strømlinjebåtar.
Arbeidsstyrken var i dei travlaste tidene, nett etter andre verdskrigen, på meir enn 20 skipstømmermenn. I tillegg kom stålarbeidarane som var tilsette i sagvåg Sveis, eit underselskap av treskipsbyggeriet.

Det var brørne Fredrik Aasheim og Bernt Valvatne, og eldste son til Fredrik, Asbjørn, som tok til med båtbygging på Eriksøyro. Dei hadde i mange år vore i arbeid hos Ottesen på Jensaneset, og hadde lært fartøybyggjarfaget der.

Skipsbyggeriet bygde fleire motorkutterar, på kring 60 fot. Den eine av kutterane, «Havørn», vart rekvirert av dei allierte under krigen, og nytta i Nordsjø-trafikken. Mellom anna deltok han i det såkalte Lofot-raidet, julehelga 1941.

NYBYGG

Forutan småreparasjonar av stålskip, hadde dei fleire ombyggingar, som gav mykje arbeid. Mellom anna vart lastebåten «Sagvaag» ferdig ombygt i 1948. Skipet vart landskjent i 1946 då det eksploderte i karbidfart, og heile mannskapet på ni omkom.

Utetter 1950-åra vart det verre og verre å skaffa høveleg arbeid til skipsbyggeriet, og i 1953 slutta verksemda av. I dag er det to av sønene til Asbjørn Aasheim som driv båthamn på Eriksøyro, med slipp, oppstillingsplass og butikksal.

gjekk han på ei mine, og forliste, utafor Ålesund. Maskinisten vart drepen, og skipperen hardt skadd.

Diverre for treskipsbyggeria på Vestlandet, skjedde størsteparten av attreisinga innan fiskerinæringa etter krigen ved hjelp av innførte fartøy, og ombygte minesveiparar. Såleis kom Aasheim & Valvatne berre til å byggja to nybygg etter andre verdskrigen. Det var M/S «Voni» i 1946, og M/S « Espholm» i 1948.