JENSANES |
|||
| Otte Ottesen Jensanes starta med
båtbygging på Jensanes då han var 23 år gamal,
i 1825. Læretida hadde han hjå Anders Arneson Kjærevik,
på Vervatåno. I fjøra like nedanfor stovehuset, var det ein høveleg plass for jektebygging, og |
![]() |
Seinare vart mange slags båtar leverte frå Ottesen Skibsbyggjeri. Det var motorkutterar, skøyter, ishavsskuter, slepebåtar, prammar og flytekranar. Til Bergen vart det i krigsåra (første verdskrigen) mellom anna so vart det levert tre motorskonnertar, på 500 |
|
![]() |
Det var naudsynt, for han reparerte båtar ved sida av nybygging. Det var jekter, skøyter og kutterar han bygde på den tida, og det er båtar ein har sett att på Jensanes. «Nordlyset», ei jekt, vart bygt her på Jensanes i 1890. Siste mannen som åtte ho, |
![]() |
|
| skipsbyggeriet, som han starta sommaren
1825, bygde båtar til litt inn på 1960-talet.
Dei første båtane han bygde på Jensanes, var klinka jekter på rundt 50 fot. Frå 1839 bygde han kombinerte klinka og kravelte jekter, |
![]() |
tonn kvar. Ein 500-tonnar er levert til
Måløy, og den største båten som er levert,
var eit dampskip på 600 tonn, til Stavanger. Det var |
|
![]() |
var ein amerikanar som skulle ominnreia ho til lystfartøy, men diverre vart ho pårend og sokk i Raunefjorden, der ho enda sine dagar. Ein veit ikkje om det finst båtar Nils Ottesen bygde, som endå er i fart. Då Nils Ottesen døydde, i 1901, var eldste sonen, |
![]() |
|
og etter 1845 ser det som om alle båtane er kravelte. I 1860 skipa Otte eit skipsverv i Risøyvågen i Haugesund. Sidan flytta han til Hasseløy, òg i Haugesund, med verven, men døydde alt i 1864, berre 62 år gamal. Enkja greidde å halda verven i gang nokre månader, før den gjekk konkurs. I 1868 overtok sonen, Nils, båtbyggeriet på Jensanes.
I den tida Nils arbeidde på verven, kom kravellbygginga for fullt.
Det var ein ny måte å byggja båtar på, før
var det berre klinking som vart utført. Nils Ottesen var den første her i distriktet som sette båtar på land med gangspel og kjølrenne. |
han gjekk konkurs, og Gunvald Ottesen kjøpte skroget, og flytta det til Jensaneset, der båten vart gjort ferdig, og sidan selt til Stavanger. I 1919 vart det bygt ein stor patentslipp, så ein kunne landsetja fartøy på 100 fot kjøl. På same tid vart det bygt to større hus for arbeidarane. Den eine bygningen var gamle kontorbygningen, frå Skrivargarden i Kårevik. I 1918 eller 1919 vart kontorbygningen reist, med mekanisk smie og verkstad i første høgda. Attåt dette vart det oppført eit større sjøhus for salteri, som òg vart innreia for skipshandel og krambuvarer. Mastkrane vart reist i 1906, men den vart for liten, og ein ny, svær kran, kom i staden i 1919, så no kunne sjølv den største masta verta vippa til vêrs. Ottesen Skibsbyggjeri leverte nybygg heilt fram til 1950-åra,
med Det kom seks nybygg i tida 1955-1961, med Svenske «Amazon» som det absolutt siste. I dag (1998) er det Sagvåg Båtservice som fører tradisjonane vidare på Jensaneset. |
||
Otte Nilsson Ottesen, byrja med eige skipsbyggeri i Breiavikjo (frå 1890), så det var dei to yngste sønene til Nils, Gunvald og Nils Andreas, som overtok båtbygginga på Jensanes. Dei var då svært unge, Gunvald (fødd 1881) var 20, og Nils Andreas (fødd 1884) berre 17 år, men dei hadde pågangsmot, og sette i gang. Dei arva sjølvsagt erfarne og gode vervaarbeidarar, etter den tid faren dreiv. Tomas Nes fortel at Nils Andreas var i lære hjå Gravdal på Sunde. Der var ein sommar og ein haust, for å setja seg inn i korleis dei dreiv på Sunde. Det var heilt sikkert ei god og lærerik tid for Nils Andreas, for det viste seg at han var ein svært dugande skipsbyggjar. Saknet etter han vart stort, då han, etter nokre år med sjukdom, døydde så altfor tidleg, i 1943, berre 59 år gamal. . Første båten dei to unge skipsbyggjarane leverte frå Jensanes var ei skøyte, «Horda», 42 eller 43 fot lang, 15 fot brei, og 6 ½ fot djup. Ho vart levert til Ånen P. Vikanes i 1902. |
|||