RISNES & SØNNER
 
UTVIKLINGA VED FIRMA RISNES SØNNER A/S FRÅ 1948 TIL 1982.

Nils Risnes, og sonen, Sadok Risnes, etablerte si eiga verksemd den 17. januar 1949, under firmanamnet Nils Risnes & Sønn, ved Ytre Pollen i Sagvåg.

Smia som er firmaet sitt byggjenummer 49. (ESSO HAUKEN, sjå listene). Båten skal nyttast som fortøyingsbåt ved Slagen raffineri. (Slagentangen). I tillegg skal han òg nyttast til brannvern, isbryting og bunkring av andre fartøy, som skal lossa ved raffineriet.  
Nybygg

1. januar 1974 gjekk firmaet over til å vera aksjeselskap, under namnet Risnes & Sønn A/S, med Sadok Risnes som dagleg leiar. Sadok Risnes stod ansvarleg for 50 % av aksjekapitalen, medan dei resterande 50 % var fordelt på sønene hans.

Frå same tid vart arbeidet med den nye sveisehallen påbyrja. Tomta var allereie opparbeidd, ved at mesteparten av Johansholmen var bortsprengt, og fylt ut i sundet mot den gamle verkstaden. Den nye sveisehallen vart bygt etter dei nye krav som kom med den nye arbeidsmiljølovgjevinga, jamfør den nye Arbeidsmiljølova, som kom det året.
Og dette betydde elles ei rett stor utviding, og utvikling, av verksemda.
Krankapasiteten vart mangedobla, og det vart investert i moderne sveisetekniske hjelpemiddel, for å kunna imøtekoma nye og krevjande arbeidsoppgåver. Då aktiviteten innan oljeverksemda for alvor vart etablert på Stord, i 1976, var verksemda godt førebudd for å kunna ta del i denne, som underleverandør for offshoreindustrien.

I tillegg til dette, har verksemda i dei seinare år levert mykje arbeid i aluminium, som til dømes styrehus for fiskebåtar og lystbåtar, dekksluker og anna skipsutrustning. Kontrollpultar, tavler og skap for elektriske installasjonar, er levert i større seriar. Desse produkta er produserte i tynnplater, av stål og aluminium.

Hovudkapasiteten i dei seinare år (fram mot 1982, jamfør overskrifta), har vore bygging av stålbåtar, i storleik opp mot om lag 50 fot. Båttypane har variert mellom ulike slag, mellom anna fiskebåtar, hamnebåtar, taubåtar, passasjer- og ambulansebåtar, føringsbåtar etc. Nett no (1982) vert det arbeidd med ein spesialbåt for A/S Norske Esso,

verkstedhallen

Verksemda var smie og sveiseverkstad, der aktivitetane i byrjinga bestod av smedarbeid, som til dømes skipsbeslag og beslag for sildehåvar, som på den tida vart nytta på sildefartøy. Produksjonen utvikla seg etter kvart til òg å omfatta stålkonstruksjonar, og anlegg for sildemjølindustrien, der Stord Bartz A/S var den største kunden.

Sommaren 1951 vart den første stål-lettbåten bygt, loddebåten «SMART». Dette var båtar som spesielt vart nytta ved sildeleiting. Denne båttypen vart det bygt svært mange av. Sidan vart det bygt ein heil del båtar for tømmerfløyting for bruk i elvar og vassdrag på Austlandet. Det vart òg levert nokre buksérbåtar til Hønefoss, for ingeniørvåpenet i Forsvaret.

Året 1963, den 20. april, vart Nils Risnes sin part i verksemda selt til Sadok Risnes, grunna helsemessige forhold. Verksemda heldt fram som tidlegare, under firmanamnet Risnes & Sønn.

Året 1968 vart markert ved at verksemda fekk opna ein ny veg fram til verkstaden. Tidlegare gjekk all transport sjøvegen til og frå Sagvåg, noko som var både slitsamt og tungvint. Større parti med stål vart levert direkte til kai med fraktefartøy.
Den nye vegen fekk mykje å seia for verksemda, ved at varer og ferdige produkt kunne transporterast direkte til og frå verkstaden. I tillegg vart verksemda tilført ein heil del oppdrag, som elles hadde vore umogleg å utføra. Og no kunne verksemda òg nyttiggjera seg dei mobile kranane som kan leigast ut i samband med spesielle løfteoperasjonar.

1. januar 1980 vart Firma Risnes & Sønn A/S reorganisert, i samband med nytt generasjonsskifte, då Risnes senior, etter eige ynske, trekte seg attende som ansvarleg leiar, etter 31 års teneste (1949-1980) i verksemda. Hans eigardel vart overteken av dei tilsette sønene hans. Hr. Risnes heldt fram som medarbeidar i verksemda.

Nils og Egil Risnes tok over leiinga av verksemda. I samband med dette, vart firmanamnet forandra til RISNES SØNNER A/S. Verksemda heldt fram som før.

Den faste arbeidsstokken har i alle år vore stabil, og har vore på om lag ni mann, men med innleigd arbeidskraft på opp til fire mann i tillegg, i samband med større aktivitetar.

Verksemda har gått samanhengande heilt sidan ho vart starta opp, sjølv gjennom tronge tider, med sviktande tilgang på nye ordrar. Dette skuldast i stor grad verksemda sine gode evner til omstilling og allsidigheit.

I slutten av året 1980 vart det gjenståande fjellområdet på den tidlegare Johansholmen utsprengt og planert, samtidig med at det vart bygt nytt kaianlegg i betong.

Verksemda har i det siste (1982) fått godkjent utparsellering av det industriområdet som følgjer den nye reguleringsplanen inn mot brua til Grunnevåg. Moglegheitane for vidare ekspansjon ligg godt til rette på det nye området, dersom utviklinga innan verkstadindustrien skulle tilseia dette.