SEGLNESET
 

Andreas Arnesen Kjærevik var den første me kjenner som dreiv med båtbygging i Sagvåg. Han kom frå Varaldsøy, og bygsla seg ein husmannsplass under Sætre i Sagvåg, mellom 1810 og 1820. Anders hadde sannsynlegvis lært skipsbyggarfaget hos far

SEGLNESET

Elektrosveis vart starta i 1951, av Gustav Alsaker og Trygve Ottesen. Dei bygde jarnbåtar på Vervatåno, same som Anders Arnesen Kjærevik bygde klinkerjekter i 1820.

Akerø
Nybygg
Sjøsetting
   
Fartøyliste

SEGLNESET

Det rike vårsildfisket i ytre delar av Sunnhordland skapte stor aktivitet, og det var trong for båtar.
Byggjeplassen sin etablerte Anders på Vervatåno, der Seglneset ligg i dag.

Det var for det meste klinka jekter, mellom 40 og 60 fot, Anders bygde på Vervatåno.

Anders tok nokre lokale gutar i lære som skipstømmermenn, og ein av dei var Otte Ottesen Jensanes, mannen som grunnla Ottesen Skibsbyggjeri.

SEGLNESET

sin, som var skipsbyggar og smed.

I Sagvåg fann Anders fleire viktige føresetnader for skipsbygging. Her var det god hamn, sagbruk, og rikeleg med skog på dei kringliggjande gardane.

Elektrosveis leverte mellom anna fleire fiskebåtar, før verksemda vart lagt ned i 1962.

No har Leirvik Sveis overteke plassen (Leirvik Module Technology 2004), og endra namnet til Seglneset - ei oljeretta verksemd.