TJØREGROVNESET
 

Eldste son til Otte Nilsson Ottesen, Nils B. Ottesen, gav seg ikkje då konkursen kom i Breiavikjo. Han leigde plass ute på Tjøregrovneset, og bygde to båtar der i 1924/1925, såkalla motorsiglarar. «Undal» var den første av desse.

Fra Tjøregrovneset

Den andre båten fekk namnet «Magneten», og eigar var Adolf Nilsen. Den gjekk i same fart som «Undal», men vart selt i 1965 (til Åsulv Thomsen Stubhaug, Søgne), og her høyrer båten heime endå (1980).

Magneten
Undal
 

Tjøregrovneset ligg rett ovenfor Kiskaien ved innseilinga til Sagvåg

Fra Tjøregrovneset

David Severin Davidsen Mørkesdal, frå Sør-Audnedal (Snik).
Båten vart sett på sjøen 9. september 1924, og levert ut på hausten same året. Sommaren 1926 forliste «Undal» ved Jæren, og Davidsen og to søner kom vekk. Sjå eige stykke om båten nedafor. Båten vart seinare berga (attfunnen vest av Danmark, ved Esbjerg), men selt, og endra namn til «Valle».

Fra Tjøregrovneset

Dei vart levert til Sørlandet (Snik) begge to. Det var 10-12 mann som bygde desse båtane, spissøyarar og nokre brør av Nils B. Ottesen.

Dei to motorsiglarane, 62 fot lange, vart begge bygde etter same modellen. Den eine fekk namnet «Undal», og eigaren var

 

Tredje båten bygt der ute vart gjort ferdig på Jensanes. Det var ein kutter på 71 fot. Båten fekk namnet «Solid», og eigar var Anders Mørkesdal frå Snik, Sør-Audnedal.

Det er ikkje noko att av denne vesle verven no, men i si tid var det stor aktivitet, med 30 mann tilsette på det meste.