| heilt naturleg at han tidleg,
lenge før han vart konfirmert, hjelpte til på verven
(verftet). I året 1882, då Otte var 22 år, vart
han skadd i eine foten. Denne skaden tok seg så ille til,
at Otte måtte reisa på Rikshospitalet i Kristiania,
der dei tok foten hans ovanom kneet. Foten vart erstatta med ein
rund trestokk, og den gjekk han med heile resten av livet. Alle
kan tenkja seg kor uhøveleg og bale det måtte vera
for ein fartøybyggjar, som dagleg måtte klyva og klatra
opp stegar, og balansera på smale stellingsplankar. Men Otte
heldt fram som fartøybyggjar hjå faren sin på
Jensanes.
I året 1891 kom det spurnad frå ein mann frå
Tustna på Nordmøre, om ein flink fartøybyggjar
kunne koma nord og byggja ei jakt for han. Otte tok på seg
oppdraget, og gjekk straks i gang med å laga byggjemodellen.
Han fekk med seg Aanund Stokken frå Dåfjorden, og Reinert
Jansen frå Janavikjo på Føyno, og saman drog
dei til Tustna for å byggja jakta.
Otte var då 31 år, var gift og hadde tre born, men
det hindra han ikkje i å fara den lange vegen på arbeidsoppdrag.
Jakta «Johanna» vart bygt på Indersætra,
Tustna, for Gjermund Øvrevik, frå Tustna. Øvrevik
var opphavleg lærar ifrå Øystese i Hardanger,
men flytte til Tustna, nær Kristiansund..
Jakta var 85 fot lang, 21 fot brei, og hadde 10 fots djupne. «Johanna»
var ei slank, og svært fin jakt, tydelegvis ein |
 |
Olai
vart skipper, og var det så lenge «Johanna» var
i familien si eige, eller til om lag 1980.
I 1947 vart ny motor installert, det var ein tosylindra
120 hk Hjelseth. Denne stod i fartøyet så lenge det
var heimehøyrande i Heim.
På 1950-talet vart fartøyet endå
ein gong gjort lengre, no på Hellandsjøen Slip, det
var no 92 fot, og var på 150 dwt.
Kring 1980 selde Taftø-brørne «Johanna»
til Arne Thorhus i Molde. Han var busett i Mosjøen, og båten
vart sett inn i trelastfart i Nord-Noreg. Den nye eigaren sette
òg inn ny motor - ein danskprodusert Callesen - og fartøyet
gjorde no god fart.
I 1992 kjøpte Norway Yacht Charter as, Oslo,
«Johanna». Dei bygde ho om, og restaurerte ho, så
i dag er ho Brigantine, det vil seia at ho har stormast og fokkmast.
Fokkmasta er skværrigga, og stormasta fore-and-aft-rigga.
Ho har fått store salongar, og nye tredekk. I hovudsalongen
er det plass for 115 gjester, og i aktersalongen er det plass til
meir enn 40.
Er du ein tur i Oslo, kan du framleis sjå den
over 100 år gamle båten (noko endra frå 1892-modellen)
sigla med folk som vil ha seg ein tur på sjøen.
Kjelder: Jens Eldøy: Ein fartøybyggjar
frå Stord. Sunnhordland Årbok 1977.
Samtalar med Kristian Qvigstad, i Norway Yacht Charter as. |
Kristiansund-distriktet
gjekk ho under namnet Stor-Johanna blant folk.
Ho gjorde teneste som seglfartøy, og gjekk i «slofart»,
det vil seia salting i rommet (lasterommet), fram til 1937.
Det vert fortalt at fartøyet ein gong grunnstøtte
med full last, men karane fekk ho av utan hjelp, og leverte lasta.
Dei gjekk så til næraste slipp, for å sjå
om fartøyet var skadd i botnen, og dei fekk seg litt av eit
syn då dei oppdaga ein stor, kvass stein som hang fast mellom
to spant. Hadde den ramla ut medan ho var lasta, hadde dei nok fått
store vanskar, vil eg tru.
Det vert òg fortalt at ho sigla frå Tromsø til
Kristiansund på tre døger. Starta frå Tromsø
på same tid som hurtigruta la frå kai, og kom inn til
Kristiansund side om side med same hurtigrute-båten.
I 1937 vart ho kjøpt av brørne Erling, Konrad og
Håkon Taftø, frå Taftøysundet i Hemne,
på Hitra, i dåverande Heim kommune.
Dei nye eigarane rigga fartøyet ned, og forlengde det, og
sette inn ein Svenskprodusert einsylindra 80 hk Laval-motor.
Arbeidet vart utført på Kirksæterørens
Skipsverft.
Fartøyet vart då på 77 bruttotonn, eller 47 netto
|
Navn:
Skrog:
Rigg:
Lengde (Skrog):
Bredde:
Dypgang:
Byggeår:
Byggested:
Båtbygger:
Byggemateriale:
Byggeinspektør:
1892 - 1935:
1936 - 1980:
1980 - 1992:
1992 - 2005: |
Johanna
Jakt (forlenget med 4.10 meter i 1954).
Skonnertbrigg (Brigantin).
28,3 meter (93 for opprinnelig 77,5 fot).
6,75 meter.
2,80 meter.
1892
Tustna på Nordmøre.
Otte Nilsson Ottesen Sagvåg på Stord.
Furu (kun kjerneved).
J. Børve
EIERE:
Gjermund Øvrevik, Tustna på Nordmøre.
Brødrene Taftø, Hellandssjen.
Egil Torhus, Mosjøen.Norway Yacht Charter AS, OSLO. |
|