M/S AURA
 
Sommaren 1941 fekk Aasheim & Valvatne skipsbyggeri i Sagvåg førespurnad frå eit bergensfirma, om å byggja eit fartøy på 110 fot. Skipsbyggjarane på Eriksøyro funderte på tilbodet ei stund, sidan dei ikkje hadde bygt så stort før. Nybygget er sjøsatt

Ålesund. Der skulle det monterast vinsj og hydraulisk utstyr på båten. Medan båten låg i Brattvåg, fann det stad eit alliert flyåtak i området. Olav opplevde hendinga frå ei skulestove på Hildrestranda. Han minnest at lærarinna freista å halda ungane innandørs, men det var nyttelaust. Alle storma ut på skuleplassen, for å få fritt utsyn til kamphandlingane. Tyske luftvernstyrker tok opp kampen mot inntrengarane, og i skotvekslinga som fylgde, styrta eit av flya i sjøen. Olav kunne ikkje heilt skjøna kvifor dei allierte flya bomba ute i fjorden. Det var ikkje eit einaste tysk fartøy å sjå i skipsleia. Seinare fekk han vita at det var miner som engelskmennene la ifrå seg, i ein freistnad på å vanskeleggjera navigasjonen for dei tyske fartøya i området. Samstundes vart fleire fyrlykter bomba, for å mørkleggja leia. M/S «Aura» låg i Brattvåg til 1. september. Då kasta fartøyet loss, og sette kursen mot Ålesund. Trass i at Remmen, og dei andre om bord, kjende til minelegginga, valde dei å gå innanskjers. Etter åtaket hadde tyskarane starta med å rydda minebelte, men dei fekk ikkje med seg alle. Då «Aura» runda det øydelagte fyret ved Lepsøy-revet, kom det brått ein kraftig eksplosjon, og akterenden på båten vart løfta opp av sjøen. Skaden var så omfattande, at båten seinare sokk. Maskinisten vart drepen, og skipperen hardt skadd. Folk meinte at det måtte vera ei av dei engelske magnetminene som smalt i maskinrommet på «Aura». Truleg vart ho sugd opp til overflata, av krafta frå stålet i båten. Då skipsbyggjarane på Eriksøyro fekk høyra om ulukka, sende dei eit brev til reiaren. Her heiter det: «Vi har hørt gjennom rykter at «Aura» er gått på en mine, og er søkkt utenfor Ålesund. Vi ville gjerne høre detaljer om dette, dersom du er god for å skrive. Vi har hørt at dere blev såret alle sammen, og det er det verste. Vi hører ofte at det er båter og folk som forliser og kommer bort, men det gjør ikke det inntrykk som når vi personligt hører om kjennsfolk. Vær snill å skriv noen ord dersom du er god til. Sender vedlagt et billede av M/S «Aura». Hilsen A. Aasheim.

Maskinisten på «Aura» var Bjarne Karsten Skutevik, fødd i Ålesund i 1917. Han hadde vore med under bygginga på slutten, og budde då hos handelsmann Sigurd Jonassen, her i Sagvåg. Skutevik oppheldt seg
på dekk då mina smalt. Eksplosjonen kasta han opp i ein av bjelkane på galgedekket, og han vart livstrugande skadd. Han vart frakta til sjukehuset i Ålesund, men livet stod ikkje til å berga. Bjarne Karsten Skutevik døydde før dagen var omme.

 
Fra Prøveturen

og i heile 1943. I månadsskiftet oktober/november 1943 var «dekk og hud drevet», og den 22. desember 1943 kunne endelig nybygget på på sjøen. Kasing (maskinruff), nedgangskappe og lukekarmar skulle vera av stål. Sidan den mekaniske avdelinga på Eriksøyro ikkje kom skikkeleg i gang før etter krigen, vart dette arbeidet sett vekk til A/S Stord (Kjøtteinen). Nokre dagar etter sjøsettinga, vart difor skroget slept til Kjøtteinen, der samankoplinga skulle gjennomførast. Aasheim & Valvatne hadde eigne folk med under dette arbeidet. Lukekarmane skulle òg ha vore forarbeida ved A/S Stord, men det var ikkje mogeleg å få tak i stål. Ein laut difor ty til ei kriseløysing, og laga karmane av eik.

Nybygget kom snart attende til Sagvåg, der det resterande arbeidet vart utført. Framdriftsmotoren, ein norskprodusert «Union» på 240 - 300 hk, kom til sagvåg i mars månad. Ein montør frå maskinfabrikken var med og hjalp til under installasjonen. Medan dette arbeidet pågjekk, vart overbygningen, med kommandobru og båtdekk, gjort ferdig. I midten av juni lånte dei mastekranen på Jensanes, og vippa opp dei to mastene på båten. Så kom endeleg den store dagen, onsdag den 5. juli 1944. Då skulle nybygget overlkeverast til tingarane.

Båten til Remmen vart gjeve namnet «Aura». Bygginga hadde teke lang tid, men reiaren fekk venteleg den båten han ville ha. Aasheim & Valvatne hadde arbeidd med «Aura» i nesten to år. I alt var det utført 26854,5 arbeidstimar. Noko ekstraarbeid hadde kome til under byggjetida, slik at sluttsummen nådde opp i 170 000 kroner. Etter at alle utgiftspostane var rekna ifrå, kunne skipsbyggjeriet på Eriksøyro bokføra eit overskot på kr 4038,58.

Då skipper Arne Remmen, og mannskapet, gjekk nordover med «Aura», stod det òg to personar frå Sagvåg om bord. Det var Arnt Thorbjørnsen, og sonen, Olav. Arnt hadde fått seg arbeid ved Liaaen mekaniske i Ålesund, og valde av den grunn å reisa med familien. Møblar, klede og andre eignelutar var med «Aura». Ingebjørg Thorbjørnsen, og dottera Bjørg, valde å fylgja rutebåten til Bergen, og vidare derifrå med hurtigruta. Den gong tretten år gamle Olav Thorbjørnsen minnast at «Aura» gjekk til Brattvåg, etter at han og faren var sett i land i

Og så var det alle vanskane som okkupasjonen førte med seg.
Krigen varte ved, og det skorta på både varer, utstyr og byggjevyrke. Alt var rasjonert. I tillegg førte tyskarane eit overoppsyn som ikkje nett var av det gode.

Trass i dei vanskelege tilhøva, valde ein å seia ja til byggjeoppdraget. Den 19. august 1941 var Asbjørn Aasheim i Bergen og signerte kontrakten. Tingarane, skipsreiarlaget M/S Nestor, ønskte seg eit kombinert fiske- og fraktefartøy, bygt etter dei moderne prinsippa med utfallande baug og kryssarhekk. Lengda mellom stamn og stilk skulle vera 110 fot, breidda ved midten 23 fot, og djupna til dekk 12 fot.

Nybygget skulle vera ferdig i månadsskiftet oktober/november 1942, men «grunnet vanskelige forhold for anskaffelse av materialer og råvarer», tok skipsbyggjarane atterhald om leveringstida. Kva som vidare hende, mellom tingarane i Bergen og skipsbyggeriet, er noko uklårt. Det me veit, er at dei to partane avslutta samarbeidet. Bergensfirmaet fekk i staden bygt eit liknande nybygg hos skipsbyggjar O. Lothe, på Flatråker, Tysnes. Det vart levert i 1944.

Byggjekontrakten på Eriksøyro vart overteken av Johan og Arne Remmen, i Ålesund. Dei skulle betala 161 000 kroner for båten, same sum som reiarlaget i Bergen hadde forhandla seg fram til nokre månader før.

No tok eit omfattande arbeid til på Eriksøyro. Skipsbyggjarane vende seg til skogeigarane på øya, og kjøpte opp tømmer til innved og hud. Noko materialar kom like ifrå Sogn.

Eiketømmeret, som skulle nyttast til stamn og stilk, fekk dei ifrå Hålandsdalen. Sjølve arbeidet med båten kom likevel ikkje i gang før ut på seinsommaren 1942. I eit notat, der nybygget er gjeve byggjenummer 12, heiter det: «Bygg nr. 12. Spantingen begynte den 21/9-1942, med Fredrik Aasheim, Sverre Aasheim, Torvald Aasheim, Rasmus Rutle og Kristoffer Stokken». Arbeidet heldt fram utetter hausten og vinteren,

   

Navn:
Skrog:
Lengde (Skrog):
Bredde:
Dypgang:
Byggeår:
Byggested:
Verft:
Byggemateriale:
Byggmeister:


Reder:
Sted:

Aura
Ufallande baug og kryssarhekk.
110 fot.
23 fot.
12 fot.
1943
Eriksøyro
Asheim & Valvatne. Sagvåg på Stord.
Eik/Furu.
Fredrik Asheim, Sverre Asheim, Torvald Asheim, Rasmus Rutle. Kristoffer Stokken.

Johan Remmen
Ålesund

 
       
 
00 01 02