M/S HILDUR
 

HILDUR EI HØNEREVSKØYTE FRÅ SAGVÅG

Ved Sunnhordland Folkemuseum si sjøbruksavdeling, som vart opna i mai 1978, er det ulike gjenstandar som er knytt opp til dei gamle hønerevskøytene

Strekninga «Hildur» vart sett inn på, var Leirvik - Valevåg - Mosterhamn, og, etter ordre, òg til Otterøy. Like etter at Hollekim tok til med ruta, braut krigen ut. Mange av HSD sine båtar vart etter kvart inndregne, grunna mangel på olje, eller dei vart rekvirerte av tyskerane. Moster hadde såleis lenge berre «Hildur» som fast ferjesamband med omverda. Kaptein Hollekim, og den vesle rutebåten hans, oppnådde ein god del sympati gjennom dei mørke krigsåra, noko som seinare gav seg konkrete utslag. Det vert sagt at folk på Moster delte seg i to leirar mot slutten av førti-åra. Dei som var aksjonærar i HSD, og reiste med selskapet sin båt, og dei andre, som reiste med «Hildur».

Elles var Hollekim ein stø og roleg sjømann, som saman med maskinisten (det var heile mannskapet) trossa mykje krapp sjø, for å halda sambandet til Moster ope. Det vert fortalt at under verste konkurransen etter krigen, la alltid «Hildur» først ut frå Leirvik. Den større og snøggare HSD-båten «Tysnes» tok dei derimot snart att, som oftast ute ved Sponholmen. Hollekim kommenterte alltid denne forbipasseringa ettersom om «Tysnes» var såpass føre at han kunne gå mellom «Hildur» og Sponholmen, eller om han laut gå på innsida av holmen. Det var ope der den gongen. «Å ja, han tok utenskjærsleden i dag», eller «å ja, han måtte ta innenskjærsleden i dag».

Det siste krigsåret fall okkupasjonsmakta sine augo også på «Hildur». Hollekim hadde ei stund hatt vanskar med å skaffa nok olje, og i 1944 vart skuta rekvirert. Ein kjenner til at ho då vart sett inn i forsyningsteneste i Bergens-området. Kva som skjedde mot slutten av krigen, er derimot noko uvisst. Eigaren fekk etter frigjeringa melding om at «Hildur» kunne hentast ved Blålids mek. verkstad i Måløy. Ho hadde visstnok vorte pårent av eit tysk krigsskip, og var nærast havarert. Det tok eit halvt år før ho vart sjøklar att.

Etter nyoppussing, og nyboring av motoren, vart «Hildur» sett inn i den gamle ruta att. Men også HSD sine rutebåtar kom snart i drift. Konkurransen tilspissa seg utover mot 1950-åra. Kaptein Hollekim laut, som andre motorbåteigarar før han, gje opp mot storselskapet. I HSD-posten for 1953 kan ein lesa at det er inngått semje mellom Nils S. Hollekim og HSD, om rasjonalisering av trafikken Leirvik-Valevåg-Mosterhamn. «Semja» innebar at «Hildur» gjekk ut av trafikken, noko som skjedde 29. mars 1953, mot at eigaren vart gjeven ein pensjon av HSD.

Husbåt

Det vart lite å gjera for den gamle rutebåten i åra frametter. Ho vart verande i Hollekim si eige, men låg i opplag i Valevåg fram til 1959. Då vart ho selt på nytt, denne gongen til Stord kommune. Sosialetaten i Stord kommune hadde i oktober 1959 brått fått problem med å skaffa husvære åt ein «reisande» familie, som hadde heimstadrett der. Familien, som var utvist frå Avaldsnes på Karmøy, hadde møtt opp på kaien på Leirvik med alt sitt gods, og det vart kommunen si sak å skaffa dei hus. Dei vart difor innlosjerte på Grand Hotel. I neste omgang vart «Hildur» innkjøpt, og ombygt til husbåt.

Saka med å skaffa husvære åt familien, og den tidlegare utvisinga frå Karmøy, hadde vorte slått stort opp, mellom anna i hovudstadspressa. Dagbladet hadde òg ein korrespondent på Stord i den samanhengen. I sin iver etter å svartmåla situasjonen, gjev journalisten ei lita skildring av «Hildur».
«Et fortvilet syn, der den elendige farkosten ligger tjæresvart og stinkende ved en kai i Leirvik. Med strendene omkring fylt av rust og skrap. Ned i dette «flytende hullet» skal familien flytte.»

Fullt så ille var ikkje «Hildur» når ominnreiinga var ferdig. Den «reisande» familien flytta inn, og sa seg særs nøgd med husværet. Rett nok kunne det vera så som så når søraustvinden tok som hardast seinhaustes.

Fredrik Pettersen klaga seg ved eit høve til Jens Eldøy, om den evindelege skvulpinga. «Ungane vert så sjøsjuke at dei spyr som kalvar.» Diverre vart ikkje familien buande så lenge. Alt på nyåret 1961 var dei vekke. Kommunen var ikkje interessert i å sitja med båten, der lausøyre vart vekke litt etter litt, og såg seg om etter ein kjøpar. Av dei tre som melde seg, fekk Kristian Ludvigsen, frå Sagvåg, tilslaget. Og då til ein pris som var under det halve av det kommunen hadde gjeve halvtanna år tidlegare.

Dei siste åra

Ludvigsen hadde planar om å restaurera «Hildur», og få båten selt som feriebåt. Diverre var ikkje marknaden så god for tidlegare hønerevskøyter, og få kjøparar melde seg. Ved eitt høve drog Ludvigsen over Sletto med ein mogleg kunde, men denne meinte at båten tok inn for mykje vatn, og såleis ikkje heldt mål. Resultatet vart at «Hildur» vart liggjande ved kaien i Sagvåg i mange år frametter. Etter kvart vart skroget så skrøpeleg, at eigaren vart redd at ho ville søkkja inne på hamna.

På ettersommaren 1968 bestemte Kristian Ludvigsen seg for å senda «Hildur» ut på den siste reisa. Lasterommet vart fylt med stein frå Kiskaien. Gamle «Hildur» vart taua ut i Stokksundet utafor Digernesklubben, hoggen opp i botnen og søkkt.

Amaldus Nilsen sine ord om at gamle trebåtar vender attende til byggjestaden for å døy, høver også her.

Etterord

Underteikna (Tore Lande Moe) høyrer diverre ikkje til dei som fekk oppleva å reisa med «Hildur». Mitt einaste minne om skuta er frå då ho låg som husbåt ved Leirvik kai i 1960.

Innhaldet i denne artikkelen er stort sett basert på munnlege opplysningar frå eigarar, og andre som kjente godt til båten. Eg takkar dei alle: Helmer Almås, Jens Eldøy, Nils Hollekim jr., Klara Ludvigsen, Helge Valvatna jr. og Ole Økland.

Eg vil også takka kontorsjef Per Stuve Rommetveit, som skaffa dokument vedrørande båten, frå kommunearkivet.

Heilt til slutt, her er teksten i kjøpekontrakten mellom Hollekim og Stord kommune, og utleigekontrakten frå Stord kommune til familien Pettersen

Kjøpekontrakt.

Underskrivne kaptein Nils S. Hollekim selger og overdrar herved til Stord kommune mitt eiende fartøy M/S Hildur for en kjøpesum stor kr 10 000 - titusen kroner 00/100.

Utenom maskineri, følger følgende utstyr med:
1 anker med kjetting
Nødvendige fortøyningstrosser
1 sort jollebåt
Alminnelig forefinnende verktøy og redskap om bord.

Båten selges i stand som besiktiget, og selgeren tar intet ansvar for eventuelle mangler.
Nærværende kontrakt blir gyldig, og er gjeldende fra det øyeblikk kjøperen har godkjent den med sin underskrift.
Fra samme tid ligger båten for kjøperens regning og risiko.

Kjøpesummen betales med kr 5 000 ved underskrivningen av kontrakten, mens resten, kr 5 000, betales 1. april 1960.

Stord 9. november 1959

Nils S. Hollekim/selger Onar Onarheim/for kjøper Stord kommune

Kontrakt

Underskrevne, Fredrik Pettersen, erklærer på egne og min families vegne, at jeg leier M/B «Hildur» av Stord kommune, og erklærer meg tilfreds med å ta opphold om bord i nevnte båt med familie. Det forutsettes at M/B «Hildur» blir anvist brukbar fortøyningsplass innen Leirvik havneområde, og at båten skal ligge fast i fortøyningene så lenge jeg og min familie er leiere. Jeg er villig til å flytte om bord i båten straks. Leien gjelder bare for vårt personlige bruk.

Leien fastsettes til kr 35, - pr. måned.

Stord kommune kan oppsi leieforholdet med 1 - en - måneds varsel.

Jeg erklærer at jeg ved denne ordningen er vel tjent forsåvidt opphold for mig med familie, og jeg vil ikke, og har ikke, rett til å framsette annet krav på bosted overfor Stord kommune, så lenge M/B «Hildur» kan stå til vår disposisjon som ovenfor nevnt.
Jeg, Rudolf Pettersen, erklærer at jeg i denne sammenheng er å anse som medlem av Fredrik Pettersens familie, og jeg går inn på betingelsene i denne kontrakt, og flytter med min kone om bord i båten, og erklærer meg likeledes enig i at båten skal tjene meg som oppholdssted sammen med min kone, mine foreldre og mine søsken.

For Stord kommune
Onar Onarheim
Kirsten Pettersen

Fredrik Pettersen
Mario ? Pettersen
Rudolf Pettersen

 

Tysdag 26. juli og onsdag 27. låg Borkholen (skipper Lars Larsen) og «Hildur» i Sagvåg og tok inn last til Horsøy og Askøy. Horsøy er ei lita øy nær Askøy. Den 28. drog han av garde. Det står ingenting om overnatting, så truleg har han segla heile dagen og heile natta. Den 29. kom han til Brattholmen. Der låg han i ro til neste dag. Laurdag den 30. kom han til Horsøy og fekk lossa. Sundag drog han til Bergen, ein tur som truleg ikkje hadde teke så mange timane. Om Borkholen har hatt seg ein fest på by'n, eller vitja slekt og vener, --- eller begge delar, går ikkje fram av notata. Det kan vel òg tenkjast at han berre måtte finna seg i å venta på den nye lasta. I alle fall vart ikkje noko gjort i løpet av måndagen. Han berre skriv «beliggende i Bergen».
Tysdag 2. august tek han inn ny last «smale bord». Onsdag kastar han loss og kjem til Klokkarvik, der han ligg natta over. Neste dag dreg han vidare, og kjem til Sagvåg.

Fredag 5. august lossar han i Sagvåg. 11 dagar tok denne ferda med «Hildur», frå lastinga byrja i Sagvåg, til lossinga var gjort same stad. Samanliknar me med den andre Bergens-ferda, kan det sjå ut som om Borkholen har hatt god tid, eller ekstra dårleg vind. Den andre turen tok berre sju dagar, sjølv om den i røynda var noko lenger. Den gongen tok han inn noko last i Sagvåg, dreg så til Leirvik og tek inn resten. Turen går til Horsøy, der han lossar, og fer så vidare til Bergen. Neste dag er sundag, då ligg han roleg i byen.
Måndagen lastar han «diverse» til Horsøy, og noko liknande til Leirvik. «Sækkegods og Diverse». Tysdag er det tydeleg god vind. Han dreg frå Bergen til Horsøy, lossar, og set kurs mot Leirvik, der han lossar resten. Kor mange timar det gjekk i eitt den dagen vert det ikkje opplyst, men truleg ville han ha vorte råka av arbeidsmiljølova i dag.

Men slik var arbeidslivet på dei gamle segl-fraktebåtane. Det kunne vera dagar med god vind, som ein måtte nytta, og måtte difor skunda på med lossing og lasting, og ein kom seg verkeleg snøgt fram. Andre dagar kunne det gå tregt med både lasting og segling, og ein tok det stundom litt ekstra med ro òg. Dersom me følgjer Borkholen dei neste dagane, er det tydeleg at han ikkje skundar slik på no.
Tysdag den 19. juli om kvelden, etter at varene er lossa på Leirvik, dreg han truleg heim til kona, Tea, i Prestlio, for overnatting. Neste dag tek han inn bordlast ved Frugards-sago. Til det går heile dagen, og han overnattar endå ei natt heime. Torsdagen seglar han til Sagvåg, men nordavinden tek hardt imot, for han får ikkje gjort meir den dagen. Fredag lossar han i Sagvåg.

Det er fleire opplysningar som vitnar om god eller dårleg bør. Den 26. august er «Hildur» i Haugesund. På ein dag dreg ho derifrå til Kopervik, der ho lossar, og fer så heim att til Sagvåg. Det motsette syner fleire døme der det går ein heil dag, berre frå Leirvik til Sagvåg.

Vedlikehald

Ved sida av å føra båten, og arbeidet med lasta, laut skipperen òg syta for vedlikehaldet. I 1904 var «Hildur» heilt ny. Men den sommaren, som kvar sommar seinare, var det delar av skuta som laut stellast på særskilt vis. Skipssida utvendes skulle skrubbast rein, og det skulle smørjast og målast (malast) ulike stader. Frå 23. til 28. juni heldt Borkholen på med slikt arbeid. Sjølve skipsskroget vart skrubba, smurt og måla, og like eins rekka og hønereva. Fleire av mekanismane om bord laut smørjast med feitt, både som impregnering og for at friksjonen skulle verta minst mogleg. Dette galdt til dømes masta, for at masteringane skulle gli godt. Dette tok mest ein heil dag. Smørjinga ein nytta, var ei blanding av feitt og rå linolje.
Blokkene skulle smørjast, sameleis bom, gaffel og sprøyt. Seinare på sommaren vart dekket tjørebreidd, og det vart måla innabords. Segla laut gjennomgå eit heilt program. 8. og 9. juli var dagane for barking. Det vart laga til ei blanding av kateku, hestefeitt, bjørkebork og litt raud oker. Kateku var eit importert plantefeitt. Okeren og borken gav segla ein brunleg farge, noko som var vanleg på frakte- og fiskefartøy den gongen. Segla vart lagde ut på dekket, og påsmurde med langkost. Deretter rulla ein dei saman, og let dei liggja slik over natta, slik at impregneringa fekk trekkja godt inn. Dagen etter hengde ein dei opp for tørk.

Anna ferdsle

I åra framover gjekk «Hildur» fast med bygningsmaterialar. Firmaet Valvatna dreiv sag og sal av tømmervyrkje, og dei sette opp hus både på Stord og i grannekommunane. Vyrkje til desse husa utgjorde etter kvart meir og meir av frakt-trafikken med båten.
Ein annan trafikk som mange kanskje hugsar betre frå 1920- og 1930-åra, var stemnereisene. Om sommaren representerte dei årvisse stemnene eit populært innslag kringom på Vestlandet. Anten det no var songlaga, losjen eller indremisjonen som skipa til stemnene, reiste ofte heile familiar for å høyra foredrag, song og musikk, og for å møta slektningar og kjente. Med dårleg utbygde kommunikasjonar, laut ein i øykommunane i Sunnhordland oftast lita på private båteigarar, og det var ikkje få skøyter og motorbåtar som la til lands stemnesundagane. Frå Sagvåg var «Hildur» i mange år fast stemnebåt. Det folk hugsar best, er turane til Rydlandssago (den eldste, nede ved sjøen), der indremisjonen har hatt sitt tradisjonelle sommarstemne. Helge Valvatna, eller yngre medlemer i familien, rigga til provisoriske benker på dekket, og det vart sett opp plakat med avgangstider. Stemnedagen gjekk båten søkklasta frå Sagvåg.
Det er vel knapt ein person der i bygda, som opplevde den perioden, som ikkje ein eller annan gong reiste med «Hildur» til Rydlandssag-stemna.

Ombygging

I 1933 vart det sett i gang ei vesentleg ombygging av hønerevskøyta. Hønereva og skansekledningen vart fjerna, like eins vart ein god del av spanta «nedrevne til bunkane», som Jens Eldøy seier det. Under oppbygginga fekk skroget ein ny profil, ved at hekken ikkje fekk den tradisjonelle spisse skøyte-skapnaden, men vart breiare og avrunda bakover, til det ein kallar for kutter-hekk.

Det var altså over og ut med den gamle hønerevskøyta. Men noko av den opphavlege båten var jo framleis att; dessutan var namnet det same. Det vart difor ikkje oppfatta som om «Hildur» var borte, sjølv om ombygginga hadde vorte nærast fullstendig, og båten hadde fått nytt byggenummer. I åra som kom, gjekk «Hildur» i same trafikken som tidlegare, heilt til ho vart selt i 1939.

Rutebåt

Den nye eigaren var skipskaptein Nils S. Hollekim frå Tysnes. Han hadde i fleire år vore busett på Leirvik, og dreiv i slutten av 1930-åra ein liten brusfabrikk på Naustneset.

Hollekim hadde særskilde planar med «Hildur». På den tida hadde HSD endå ikkje einekonsesjon på alle passasjer- og godsruter i Sunnhordland, og somme strekningar var dels dårleg dekka av storselskapet. Private motorbåteigarar oppretta eigne ruter, noko som ikkje vart sett på med blide augo av HSD, og det var ofte harde ord som vart nytta av desse. For folk i lokalsamfunnet vart derimot motorbåtane eit ekstra tilbod til det elles ofte skrale båtsambandet. Dessutan fekk kappinga mellom HSD og ein privat motorbåteigar ofte preg av eit David og Goliat-forhold. Sjølv om HSD hadde ålmenbaten som eit leiande mål, var det ikkje tvil om at folkesympatien låg hjå den konkurranseveike motorbåteigaren, som korkje hadde særlege ressursar å setja inn, eller represaliar å truga med. Det hadde derimot HSD, og det var ikkje få ekspeditørar i distriktet som fekk kniven på strupa, valet mellom å behalda HSD sine båtar, eller den vesle, private rutebåten.

Det var til slik verksemd Nils S. Hollekim hadde planar med «Hildur». Han fekk skøyta høveleg ombygt, med bru, salong i akterenden, og med toalett, bysse og lugar framme. Det vart sett opp signalmast med bom, og trerekka vart bytta ut med eit gelender av stålstenger. Dette kunne takast vekk, slik at ein ved å leggja plankar frå kaien, kunne få plassert eit par mindre bilar på luka. Med unntak av «Folgefonn», som var den første spesialbygde bilferja til HSD, var truleg «Hildur» den einaste rutebåten i Sunnhordland den gongen som kunne la bilane køyra direkte om bord.

som det vart bygt så mange av i Sunnhordland kring hundreårsskiftet (1900). Det gjeld det store spantet med garnering i mest full målestokk, og sjølvsagt L.J. Skarpnes sin nydelege skøytemodell. Dessutan er det ein teikning av Jens Eldøy av hønerevskøyta «Hildur», og halvmodellen frå Ottesen av same skuta.
Sist haust hadde museet vitjing av 7. klassane ved Stord Ungdomsskule. Desse skulle la seg «inspirera» til arbeidsoppgåver om temaet «Havet». Ein av klassane, med lærar Hans Eskeland, valde å laga ein montasje om «Hildur».
Museet skaffa bilete og opplysningar om skuta. Elevane sjølve intervjua personar som hadde reist med «Hildur» då ho var rutebåt. Tekst, teikningar og fotografi vart montert på ei plate under utstillinga.
Dette samarbeidet mellom ungdomsskulen og museet gav opptakten til denne artikkelen.

Skøyter

Med skutenemninga «skøyta», slik det vart oppfatta på Vestlandet kring år 1900, forstod ein «ein spissgatta, einmasta, dekka sneiseglar i «småskipsklassen».» Skøytene var dei minste innan denne skipsklassen, som m.a. også omfatta jakt, galeas og slupp. Dei fleste skøytene ein kjenner frå Sunnhordlands-distriktet, varierte i lengd frå 40 til 60 fot, men ein veit om skøyter frå Kristiansund heilt oppe i 75 fot.

Den vanlegaste bruken av desse båtane var til ulik fraktfart; sildesegling og frakt av ulikt bygningsvyrkje. Men dei vart òg ofte leigde ut til losjifartøy under sildefisket, eller dei største kunne gå inn i den såkalla «slofarten», dvs. fiskefrakt frå Lofoten og Finnmark og sørover.

Frå 1890-åra, og fram til første verdskrigen, føregjekk det som truleg lyt karakteriserast som det første havfisket på Vestlandet, makrelldorginga i Nordsjøen. Det vart drive i 7-8 veker om sommaren, og fleire skøyter vart, her i Sunnhordland, bygde nett til det føremålet.

Ein detalj som også har vorte opphav til namnet på dei mest vanlege vestlandsskøytene, er den såkalla «hønereva». Det var ei utbygging i flukt med akterdekket, utover roret. Men denne fekk ein nokre kvadratmeter ekstra dekksplass, noko som kom godt med når både tømmer og sildetønner laut stablast på dekket. Like eins gav ei slik utbygging betre plass til stell av segla.

Ein veikskap med «hønereva» var at ho stod utsett til for krapp sjø, og det hende ikkje sjeldan at stormen slo laus nokre bord. Det var spesielt eit stort problem med dei noko smekre harding-skøytene.

Otte Nilsson Ottesen, frå Sagvåg på Stord, konstruerte skøyter med breiare akterstamn over vasslina enn kva som var vanleg før, og gav såleis «hønereva» eit stødigare fundament, og båten betre oppdrift.

Dei som kjøpte hønerevskøytene var som oftast fiskarar og handelsmenn; sjeldnare profesjonelle fraktefolk. Dessutan hadde ein dei såkalla bondeskøytene. Desse var det bønder som åtte. Skipperar var oftast plassmenn og strandsitjarar. Bondeskøytene gjekk i frakt med garden sine produkt, til dømes med poteter og slakt til Bergen. Dei vart, når det høvde, også utleigde som losjifartøy under sildefisket, eller til makrelldorginga om sommaren. Under generasjonsskifte på garden, passa det òg at ein av partane hadde ei høveleg attåtnæring.

Hildur

Skøyta «Hildur» vart bygt hjå Otte Nilsson Ottesen, i Breiavikjo i Sagvåg, i 1904. Ho var 45 fot lang frå stamn til stylk, og 16 fot brei. «Hildur» var ei tradisjonell hønerevskøyte, bygt etter Otte Nilsson Ottesen sine prinsipp, med breiare akterskip over vasslina. Rigginga var ei pålemast med bom, og gaffel for storseglet og toppseglet. Fokka, klyvar og jagar var festa i baugsprydet.

Det var trelastfirmaet Valvatna i Sagvåg som hadde tinga skøyta. Meininga var at ho særleg skulle nyttast til frakt av trelast. Det vart òg hovudoppgåva. Men dei første åra vart ho òg nytta til sildeoppkjøp og sildesalting i fjordane. Det var Helge Valvatna som dei første åra han var i firmaet, såg seg mon i ei viss attåtnæring.

Mannskap

Når «Hildur» var på sildasalting, kunne mannskapet vera på fem-seks mann. I den vanlege farten med bord og plank, var det derimot nok med skipper og ein ungdom som kokk, dekksgut og hjelpesmann ved lossing og lasting.

Den første skipperen på «Hildur» var Lars Larsen, helst kalla Borkholen. Han var frå husmannsplasset Nysæter-Neset, men fekk seg hus i Prestlio på Leirvik. Tilnamnet Borkholen er truleg eitt som har vore knytt til både personen, og til staden der han budde. Som me skal sjå seinare, laut skipperen også barka segla på «Hildur», og i den impregneringa han klinte på, var bjørkebork ein av ingrediensane. Larsen tok òg på seg barkingsarbeid for andre skøyte- og jakteigarar; til dømes var han fleire gonger ute hjå Ola Horneland og barka segl. Truleg har han samla bork i ledige stunder og lagra kring huset, noko som på folkemunne har ført til namna Borkholo og Borkholen.

Den neste skipperen på «Hildur», Grønning, budde òg i Prestlio. Elles vert det fortalt at mange unggutar frå Leirvik gjorde si første sjøreis med denne båten. Etter kvart slutta ein å hyra inn faste leigeskipperar. Det var helst unge menn frå arbeidsstokken hos Valvatna som førte båten når han var ute på oppdrag. Helmer Almås, svigerson til Helge Valvatne, var skipper i utanriksfart. Når han var heime på ferie, reiste han ofte med «Hildur», mellom anna ein lengre periode under første verdskrigen.

I 1912 vart det sett inn motor i «Hildur», ein 12 hestar Rubb. Dei første maskinistane var Ånen Stokken, Karl Mathisen og Johannes Ottrøy.

Frakt og ferdsle

Så lenge «Hildur» var seglfartøy, var det vêr og vind so mykje bestemte farten mellom hamnene. Det seier seg sjølv at den kunne variera mykje. Når mannskapet var éin mann og ein gut, kunne lasting og lossing vera eit hardt og tungt arbeid. Og tidleg i hundreåret var det ikkje tale om nokon 8-timars arbeidsdag. Lars Larsen, Borkholen, førte daglister over kvar han fór, kva last han hadde, og kor lang tid han nytta på ulike ferder og gjeremål. Ei slik liste finst framleis (1979) i eiga åt Helge Valvatna, ein av dei noverande eigarane av trelastfirmaet. Den går frå 22. juni til 26. august 1904.
I denne loggen kan ein mellom anna finna ut kva stader «Hildur» gjekk til. Som alt nemnt, heldt ho seg helst innan Sunnhordland, men på dei to månadane som er bokførte, var ho òg på eit par lengre turar. I alt 13 stader var «Hildur» innom, anten for å henta eller å levera last. Mest helvta av desse er på Stord. Det gjeld Sagvåg, der firmaet Valvatne hadde sag, verkstad og materiallager. Her låg skøyta mellom turane. Vanleg bordlast vart teke inn her, men ho var òg fleire turar til Frugards-saga, for å henta last der. Tømmer som skulle skjerast ved saga, vart henta i Valvatnavågen. «Hildur» var fleire gonger på Leirvik, som oftast for å levera last. Den 16. august låg ho vêrfast inne på hamna, medan stormen rasa ute i fjorden. Elles er det nemnt at det vart levert last både til Lundervold og i Hystadtræ. Den første av desse, Lundervold, var kring hundreårsskiftet kjøpmann på Leirvik, og heldt til i det som no er Klingsheim sin utstyrsforretning. Huset hadde opphavleg berre ei høgd, og kanskje var det bord og plankar til påbygging «Hildur» frakta med seg. Av di det vert presisert kven det er til, er lasta truleg ikkje lossa ved dampskipsbrygga, men kanskje ved kaianlegget nedanfor butikken, der Stord Motorbåtforening held til i dag (1979).

Hystadtræ vart nytta som nemning på br.nr. 2 på Hystad, som Onar Onarheim eig i dag (1979). Det er det av Hystad-bruka som ligg nærast sjøen, og fortel såleis kor lasta skulle lendast, men ikkje om kven som skulle ha ho.

Sommaren 1904 var «Hildur» to gonger til Bergen. Opplysningane om desse turane fortel noko om kva tid ein den gongen laut rekna for slik segling.

   

Navn:
Type:
Lengde (Skrog):
Bredde:
Dypgang:
Byggeår:
Byggested:
Byggmeister:

Reder:
Sted:

Hildur .
Hønerevskøyte.
45 fot.
16 fot.
6 fot.
1904
Breiavikjo. Jensanes
Otte Nilsson.

P. H. Valvatne
Sunnhordland

 
       
 
00 01 00