M/K JIM
 

Utetter på 20 talet, vart det behov for fleire båtar hos Jakob Misje & Co. I 1924 fekk dei bygd ein kuttar på 66 fot i Sagvåg. Denne heitte ”Sjømann”. To år etter, vart det bygd endå ein båt ved same verkstaden som heitte ”Jakk”.

MK JIM

Den eine dottera, Gina vart forarga og gjekk ut for å hysja på på borna. Då ho kom ut, såg ho også at ”Jim” snart var heime, og då utbraut ho: ”Gud sje lov, så nådde dei han likevel”.

Goffaren døydde like etter, og det første oppdraget til ”Jim” var å føra kista hans til jordfesting på Herdla. ”Jim” gjekk både i kassefart og i fraktfart, men dei mest hasardiøse
turane hadde dei ned til kontinentet med saltsild i tønner. Under ein slik tur kom dei ut for eit forferdeleg uver i Nordsjøen. ”Jim” var på veg frå Tyskland og heim til Misje, og plutseleg braut ein svær sjø inn over låringen som nesten begravde båten. Han kom igjen, men båten vart slått så skeiv at når ein sikta framfor stevnet, kunne ein tydeleg sjå
kor skeivt det var, og ”Jim” måtte på verkstad for å retta opp att skaden.”Jim” vart teken
av tyskarane like etter at krigen braut ut og han forliste ved Ryvarden seinare i krigen.

07.06.1940: Rekvirert av Kriegsmarine som BRACHTVOGEL.
Benyttet som patruljebåt V.5308 av 53. Vorpostenflotille med base i Stavanger.
1.41: benyttet som V.5306 av 53. Vorpostenflotille med base i Stavanger.
13.12.41: kolliderte med fiskefartøy H-97-F i Hjeltefjorden. H-97-F sank.
1.5.42: benyttet som vaktbåt NS.06 av Hafenschutzflotille Stavanger.
8.9.42: kolliderte med M.5208 og sank.

Kjelde:
Børge Misje

Godværsdag og middag på dekk

Av dei vaksne hadde borna fått vita at båten skulle ha bro. Og så skulle båten ha dobbelsylinder, og seia dogo, dogo. Jau, dette var noko å gleda seg til.

No hadde det seg slik at far til dei tre brørne, gamle Goffaren, eller Nils Midsjø som han heitte, låg for døden. Døtrene gjekk og vakte på han, og var ottefulle for at han skulle døy før sønene fekk koma heim og ta farvel med faren. Så var endeleg dagen komen då ”Jim” var ventande heim. Borna hadde samla seg i krossen, rett utanfor stova der Goffaren låg på det siste. Då ”Jim” svinga inn Havrøysundet, vart det naturlegvis mykje skrik og skrål utanfor stova til den døyande.

Dei harde trettiåra har vi alt høyrt om at dei VAR harde, og det er vi alle enige om. Men midt på trettitalet bestelte Jakob Misje & Co ny båt ved Sagvåg. "Jim" Og dette var ikkje noko vanleg båt i dei tider. Heile 82 fot skulle han vera. Både vaksne og born gjekk i spaning og venta på at denne båten skulle koma heim.

 

   

Navn:
Skrog:
Motor:
Lengde (Skrog):
Bredde:
Dypgang:
Byggeår:
Byggested:
Verft:

Reder:

Jim
Kutter.
2 syl. WICKMAN 90 H.K
80 fot.
17 fot.
8,6 fot.
1936
Jensanes
Ottesen Skipsbyggeri. Sagvåg på Stord.

Jakob Misje & Co Bergen.

 
       
 
00 01 02