M/S UNDAL
 
Etter om lag 20 år med liv og røre på verven i Breiavikjo og Sandholmen, vart det dårlege tider for den verksemda òg. Mange småverksemder og privatpersonar kom i økonomisk uføre på den tida, og måtte prøva mange utvegar for å Undals søsterskip

Dette såg ikkje bra ut, og det vart undersøkt på alle uthamner og redningsstasjonar langsmed kysten, der ein kunne håpa at dei kan henda var komne inn. Alt utan resultat. Tysdag kom det eit telegram til Snik: Esbjerg 3. august. Motorskøyten «Undal» er innberget til Esbjerg uten mannskap.»

Eit forbipasserande engelsk dampskip hadda oppdaga «Undal» ca. 25 kvartmil (nautisk mil = 1852 meter)nord for Slugen, der ho låg og dreiv med kjølen opp. Ein bergingsbåt tok skøyta inn til Esbjerg. Skipsmastene var knekt. Inne i lugaren var sengtøy, klede og kjøkenutstyr i full forvirring. Alt tydde på at mannskapet hadde forlete skuta i all hast. Livbåten var eit lita nòtaskal av ein pram, så den var det lite bergingsvon i. I storm og uvêr hadde, på ein eller annan måte, den tomme, men solide skøyta, kantra. Mannskapet var eigar og skipper Daniel Sæverin Davidsen, 52 år, og to av sønene hans, ein på 21 år, den yngste berre 10-11 år. Alle tre omkom.

Etter samråd med fru Davidsen, kjøpte Otto Olsen, Snik «Undal», i den stand ho låg i Esbjerg. Olsen fekk skøyta heim, og sette ho i stand. Namnet vart endra til «Valle», og på nyåret 1927 byrja skøyta på nye seglasar. Tønnestav til Vestlandet, og returlaster når det var oppnåeleg. Ei lang stund førte ho òg kalkstein frå Vestlandet, til Hunsfos fabrikker.

I slutten av trettiåra vart ein 30 hk motor montert, også denne ein Karm.

Ein haustdag i 1946 sigla skuta frå Snik med ei last tønner, som skulle til Vestlandet. Vinden var sør-sørvest, og noko sjø, med dis og dårleg sikt. Komen nedover mot Jæren mørkna det, og vinden snudde mot sørvest. «Valle» heldt seg så godt av land som det let seg gjera, men då ho var komen opp mot Jærrevet, var vinden auka til kuling. Dette, saman med sterk straum mot land, førte til at skuta stranda. Skipperen, Harry Olsen, og bestmannen, Harry Bjerga, vart redda under dramatiske tilhøve, av redningsstasjonen på Jærrevet.,

Skuta vart vrak etter ei kort stund, men motoren vart liggjande på botnen, og vart berga etter ei tid.

Dette er den heller dramatiske soga om motorsiglar «Undal», bygt på Tjøregrovneset i Sagvåg i 1924. Nils B. ottesen bygde også «Magneten» på Tjøregrovneset, eit søsterskip til «Undal». Eigar var Adolf Nilsen, Snik.

Det meste om «Undal» er henta frå «Frakteskuter og fraktemenn» av Rolf Kr. Danielsen.

 
Undals søsterskip

Bilete er av "Magneten", søsterskipet til "Undal".

ein 20 hk Karm, og 17. november 1924 låg motorsiglar «Undal» oppankra på fjorden i Snik, etter ein vellukka tur frå Kopervik.

Laurdag 24. juli 1926 kom «Undal» vestfrå, der skøyta hadde lossa ei last med stav. Båten var tom, og målet var å ta inn ny last aust for Lindesnes. Vêret var dårleg med høg, lang sjø, så dei styrte mot Tananger for å ta hamn der. Det var ikkje råd for dei å gå rundt Jæren.

I Tananger låg det fleire fartøy vêrfaste. Dei skulle samme veg som «Undal», nokre hadde lege der i fleire dagar. Tananger var ei god hamn i vind frå sørvest, så mannskapet fekk ei roleg natt, og var godt utkvilte neste dag.

Utover kvelden spakna vinden, og mannskapa på skutene sette kursen for utkikksplassen. Her kunne ein sjå utover mot Jæren og Feistein fyr, og til øyane Rott og Kjør. Det braut kraftig mot holmar og skjer. Ein av skipperane bestemte seg for at han ville prøva å koma seg ut til Jærens rev, før vinden gjekk over på nordvest. Dette vart alle einige om, og sprang om bord, for å gjera skutene klar for seglas.

Klokka var bortimot ni om kvelden, då alle saman passerte Flatholmen fyr. Vinden var komen på vest, så alle seil var sette, og dei avanserte mot Feisteinen, med lang og tung sjø imot. Dette var i slutten av juli, og til vanleg var det mest lyst heile natta. Det var det ikkje denne kvelden, då det var disig og dårleg sikt.

På ferda nedover Jæren, miste dei andre båtane kontakten med «Undal». Det fanst ikkje noko slikt som radiosamband i den tida, så det måtte gå på augnekontakt.

Heime på Snik var dei godt kjende medfarten til båtane, og også godt kjende med vêrtilhøva langsmed kysten. Dei kunne, utan radio og vêrmeldingar, rekna ut kva tid dei kunne byrja å venta skutene heim.

Hjå Davidsen i Mørkesdal, byrja dei å venta «Undal» heim måndag kveld. Tysdagen kom, men ingen kom heim til dei ventande i Mørkesdal. Dei vart urolege, og tok telefonkontakt med Tananger. Der fekk dei opplyst at «Undal» forlet hamna, saman med fleire andre båtar, sundag kveld.

berga seg og sine.
Nils B. Ottesen (1889-1961) vart ståande så å seia «på bar bakke», etter at verven han var medeigar i, tapte kampen med banken om pengane.
Men, som Henrik Ibsen skriv i Terje Vigen: «Han sturet en dag, ja kan hende to, men så rystet han sorgen av.»

Nils B. Ottesen fekk leiga Tjøregrovneset i Sagvåg til skipsbygging, og han fekk kontrakt på to båtar, som vart bygde der i åra 1924/25. Det var UNDAL og søsterskipet MAGNETEN.

For dei som ikkje er lokalkjende, kan ein seia at tek du ferja frå Sagvåg til Siggjarvåg (dette vart skrive i 1998), ligg neset tett ved på styrbord side, idet ferja forlet Sagvåg. Etter mitt syn på plassen, måtte det vera bale å byggja båtar der ute, men han kunne ikkje velja og vraka, og arbeid måtte ein ha.
Skøyta «Undal» var den første båten som vart bygt der ute på neset, og den skal eg prøva å fortelja litt om no.

«Undal» var ein såkalla motorsiglar på 62 fot, (19 meter), og skulle byggjast for Daniel Sæverin Davidsen, Snik. I leksikon står det om plassen: «Snik (Snig) strandsted ved Snigsfjorden, i Lindesnes herred, Vest-Agder. I gammel tid kjent trelasthavn.»
Undal var det gamle navnet på Audnedalen, der skuta skulle høyra heime, og difor vart dette namnet teke i bruk.

Etter gamle papir står det at båten skulle kosta 8000 kroner. Det skulle 2 ½ tommars hud, og to tommars garnering, fire raster med livholt, og to tommars dekk. Stamn, stilk, lukekarmar og kryssholt skulle vera av eik. Resten skylle vera av god furu, som det heiter.

Garnering vil seia kleding av plankar, eller plater, på innsida av spanta, eller på innerbotnen.

I august 1924 vart «Undal» sjøsett. 22. september vart riggen ferdig, og båten la ut på sin første segltur frå Sagvåg, over Sletto, gjennom Karmsundet til Kopervik. Karmøens Mek. Verksted var klar for montering av

     
Navn:
Type:
Lengde (Skrog):
Bredde:
Dypgang:
Byggeår:
Byggested:
Byggmeister:

Reder:
Sted:

M/S Undal.
Skøyte.
62 fot.
19 fot.
6,7 fot.
1924
Tjøregrovneset
Nils B. Ottesen. Sagvåg på Stord.

David S. Davidsen. Sør-Audnedal.
Mandal

       
 
00 01 00