M/K UTVÆR
 
Sagvågskutter var eit omgrep på 1920- og 1930-talet. Mange vakre kutterar gjekk av stabelen på verven til Gunvald og Nils Ottesen. Ottesen skibsbyggjeri var inne i ein periode med stor aktivitet, og berre i perioden 1915 til 1930 var det levert 75 nybygg. M/K Utvær

Etter at Noregs Sjøkartverk selde M/K «Utvær», skifta båten namn til M/K «Sjøhauk».

Båten kom no i Støtteforeiningen for Sjøheimevernet, i Stavanger, si eige. Skroget vart måla grått, og båten vart nytta til

 
M/K Utvær Sigurd Ottesen kan stadfesta dette. Han fortel at skipsbyggeriet laut ta ei "Colin Archer" - skøyte som delbetaling frå Fyr og Merkestellet.
Denne båten heitte «Utvær». Ved eit seinare høve fekk brørne Ånund og Bernt Vikanes kjøpa båten hos Ottesen.
Salongen
Av desse var 44 kutterar. Dette var gode sjøbåtar, som både vart nytta til fiske og i fraktefart. Reiarane kom frå heile norskekysten, og nokre heilt ifrå Island.

Ein av dei aller vakraste kutterane som vart bygt på Jensanes, var Fyr og Merkestellet sin M/K «Utvær». I listene står det at båten var 65 fot lang, 18 fot brei, og 10 fot djup.

Skipstegning
M/K Utvær

Dei beheldt namnet, og nytta båten i fiske- og fraktfart i mange år.

M/K «Utvær» vart overteken av Industridepartementets fangstkontor om lag 1960. Ein ny Wichmann 4DCT 240 hk vart montert i 1963, og det vart mest

militære øvingar. Basen var Ulsnes, Stavanger. Havarivernskulen leigde båten ein dag i veka, og nytta han i samband med redningsøvingar med helikopter i Boknafjorden. Mange nordsjøarbeidarar kom då i kontakt med den då nærare femti år gamle sagvågskuttaren. Yrkeslivet til M/K «Utvær» tok slutt i 1985, mdå Olav Skaathun, frå Sandnes, kjøpte båten, for å nytta han som fritidsbåt. Skaathun var befal i Sjøheimevernet, og brukte til tider «Sjøhauk» i samband med øvingar. Skroget vart måla svart, og dei som kjende båten frå 1930-talet, ville neppe kjent han att.

Frode Idsøe, som driv verkstad og slipp på Tau, kjøpte båten i 1993. Han eig båten framleis (1998), og fire veker kvar sommar er familien på tur med den stolte skuta. Idsøe, som er båtkunnig, har fornya i baug og hekk,
og har gjeve båten attende gråfargen. Noko av innreiinga er fornya og endra, men Idsøe har lagt vekt på å halda på den gamle stilen. Målet er å vedlikehalda båten, utan å endra på skrog eller overbygg.
Idsøe skifta namn på båten, til M/K «Utvær», i 1996.

M/K «Utvær» har vitja Sagvåg fleire gonger dei siste sommarane, og vonleg vil me få sjå den vakre sagvågskuttaren på «fødestaden» i mange år frametter.

Båten var utrusta med ein tosylinda 50 hestekrefters Rubb, og haddev innreiing for mannskap under dekk, med berre éit lite lasterom. Båten skulle nyttast til inspeksjon og reparasjonsarbeidpå fyr og merke langsmed norskekysten.

I Bladet Sunnhordland stod det å lesa 5. juni 1931:

«Fyr og merkestellet sin nye motorkutter, «Utvær», som for eit par dagar sidan vart levert frå Brødrene Ottesens verv i Sagvåg, var i går innum på Leirvik. Båten, som er forsynt med ein tosylindra 50 hk Rubb frå Rubbestadneset, såg ut som ein lystjott, og det er sagt at eit vakrare farty hev Ottesen ikkje bygt, og det vil ikkje segja so lite, for det hev gjenge mange vene båtar av stabelen på Jensaneset åri frametter.»

Overskrifta til denne vesle notisa var: Den nye «Utvær».Formuleringa vitnar om at det må ha vore ein gamal «Utvær» med i biletet.

Sjøsetting

truleg bygt nytt styrehus i aluminium samstundes. Båten vart då nytta til kontroll av kvalfangst og anna fiske, langsmed kysten frå Vestlandet til Nord-Noreg. I denne perioden hadde båten heimehamn i Fosnavåg.

Aluminiumsoverbygget vart utvida heilt til skandekket i 1970, med ein gang på styrbord side, og utvida messe med gang på babord side. Målebrev datert 17. februar 1971 viser 75,67 bruttotonn.

I 1975 overtok Noregs Sjøkartverk båten. No vart Stavanger heimehamn, og «Utvær» var nærast attende på «fødestaden». Båten vart nytta som losjiskip langsmed norskekysten, for Sjøkartverket sine folk.

     
Navn:
Skrog:
Lengde (Skrog):
Bredde:
Dypgang:
Byggeår:
Byggested:
Verft:

Reder:
Sted:

M/K Utvær.
Kutter.
65 fot.
18 fot.
10 fot.
1931
Jensanes
Ottesen Skipsbyggeri. Sagvåg på Stord.

Norges Fyrvesen
Oslo

     
 
00 01 02