«I september maanad i fjor tok dei til
aa byggja ein sildoljefabrikk paa ein holme utmed den store kaien
aat gruva. Det var Ånund Vikanes, Brørne Ottesen
og nokre andre som sette arbeidet igong. Det var vanskelige tider
aa byrja eit sligt arbeid; men det gjekk bra.
|
 |
I tillegg
hadde
dei sildesalteri på Jensaneset.
Den første tida var sildolje ei god inntektskjelde, både
for eigarane og for dei mange arbeidsvillige hendene. |
1919
skipa Gunvald Ottesen, Nils Ottesen og Ånund Vikanes aksjeselskapet
Sagvåg Sildoljefabrikk. Det var nokolunde samstundes med
at fabrikken på Kjøtteinen òg starta opp. Dei
bygde sildoljefabrikken på Flatholmen i 1919. Fabrikken brann
ned til grunnen i 1926.
|
 |
Fabrikken lå på Flatholmen der det no gamle ferjestøet er i dag.
Igaar hadde dei fyrt upp
under kjelen for aa sjaa kor det arta seg. »
Slik heiter det i «Sunnhordland» fredag
27. juni 1919.
Det var brørne Gunvald og Nils Andreas Ottesen som, saman
med Ånund Vikanes, i 1915 kjøpte Flatholmen,i innseglinga
til Sagvåg. Truleg hadde dei fleire planar, men det vart
til at dei bygde sildoljefabrikk på Flatholmen, og denne
stod ferdig i 1919.
Den nye fabrikken kom i gang månaden etter,
og til same lokalblad opplyste disponent Ånund Vikanes at
sildolje vart tappa på det eine fatet etter det andre, og
alt gjekk bra. |
 |
Sildasalteriet låg på Jensanes.
Maskinorne kom fraa Kristiania,
og dei byrja montera saa snart huset var so mykje ferdigt. Det
vandsjelegaste spursmaalet vart vatn. Der paa holmen var ikkje,
og ikkje noko i nærleiken heller. Heilt upp til Nestjørni,
8-900 meter derifrå - maatte dei gaa for aa finna nok. Det
var svært dyrt, men vatn maatte dei ha, kva det kosta. No
er dei daa komne so langt at det er meininga aa setja igong ein
av dei fyrste dagane. |
I sesongane kunne fabrikken sysselsetja
eit 30-tals menneske, både menn og kvinner. Men utetter i
1920-åra fekk sildoljefabrikken problem. Drifta var lite
lønsam, og til slutt måtte Haugesund Sparebank ta
over drifta.
Natt til onsdag 3. november 1926 brann fabrikken ned til grunnen.
Han vart aldri bygt opp att. |
|