BÅTBYGGJARKURS
 
kurs i bygging av fÆring på Jensaneset.

Sagvågen Kystlag (SK) har lagt til rette for bygging av færingar i Plankaskuret til Ottesen Skipbyggeri på Jensaneset. SK har saman med eigaren laga til ein

kursdeltakarane skal sjølv syta for materialar til innved, årar og kjeipar.

VerktØy
På Jensanes brukar me dei maskinane som er tilgjengeleg. Det er tykkelseshøvel, bandsag og sirkelsag.

Studieleiar:
Gunnar Bjørk


 E-Post

kursoppstart

Oppstart vert onsdag 31.august. kursdag er laurdag og onsdagar. Det vert høve til å arbeida andre dagar og kveldar (ikkje sundag) i veka. Erfaring syner at det er lurt å bruka meir tid om hausten og vinteren. Våren kjem snart på! Laurdag vil det vera minst ein instruktør tilstades. Som regl vil det vera instruktør tilstades også om onsdagane. Ein reknar ca. 230 timar på første båten. Noko mindre på andre. Teori og praktis vil gå ”hand i hand”.

Materialar som er med i kurstilbodet.

Kjøl, lòt og stevn i eik.
Bord til fire bordgonger (furu)
Materialar til tofter, tiljer, esingar. Alt i furu.
Alt materiell som trengs til oppsett av båten ligg i kurspakken. Jiggane er i dag sett opp.
Båtsaum, skruar, bomullsgarn og linolje er med i pakken.
(Det er koparsaum 1 ½” og 2” samt 16 millimeter roer. Syrefaste skruar 30 og 40 millimeter)
kursdeltakarane må sjølv syta for olje, lakk, maling eller tjøre som skal nyttast til sluttbehandling/ impregnering av båtane.

eigna stad for bygging av båt. Her er det for tida plass til bygging av 3 færingar samstundes.

kurset er tenkt for folk som ynskjer å byggja seg ein færing og læra litt om gamalt handverk. SK vil prøva å lærar frå seg dei grunnleggjande teknikkane som har vore nytta til bygging av færingar her i Sunnhordland.

Instruktørar for kurs 2005-06 vil vera Gunnar Bjørk (kursleiar), Ståle Simonsen og Egil Mæland.

kursopplegg

Det er plass til 6 stykke på kurset. To på kvart lag. Det skal i alt byggjast 6 båtar. Eigartilhøve skal avklarast på førehand. Kvar deltakar får soleis kvar sin båt.

 

 

All bruk av elektrisk utstyr er på eige ansvar.

Kvar deltakar må ha øks (bile), ein hammar, ein liten klinkhammar, liten høvel, sponhøvel, avbitartang, eit mellomstort stemjern, skrujern, kniv, handsag og 2 små tvinger. Laget bør ha elektrisk drill eller borvinne og pussemaskin (band eller eksentersliper). Det kan også vera ein fordel å ha elektrisk handhøvel og nokre små tvinger.

Kvar deltarar må sjølv skaffa seg verneutstyr som hørselsvern, vernebriller og støvmasker.

Sjøsetting