KYSTLAGET |
|||||||||||
Arbeidet
med å laga lister over båtane som er bygde i Sagvåg,
har gått over fleire år. Asbjørn Aasheim har
gått gjennom protokollar og rekneskapsbøker, aviser
og gamle bilbrev. Bilbrev vil seia heimelsbrev, den |
![]() |
Den ser me fram til, og me reknar med at den òg vil innehalda liste over alle byggjenummera. Kystlaget har
tilhold i den gamle butikken til Erik Saue i Sagvågsbrekko.
(som vi ser til venstre og på bildet under). |
|||||||||
![]() |
Sagvåg sentrum 1910. Allereide tidleg i arbeidet fann me ut at det ikkje er mogleg for oss å laga eit fullt oversyn over alle båtane som har vorte sjøsett i bygda. Til og med den seinare historia er lite tilgjengeleg. Mellom anna er det usikkert om me har klart å få med ei full liste frå Elektrosveis, sjølv om første båten derifrå vart levert så seint som i 1954. For skipsbyggjeriet på Holmen er det òg store hol. For dei som saknar oversyn over dei 100 båtane som per i dag (29.11.1998) er bygde ved Risnes Sønner AS, kan me opplysa at dei, i samband med jubiléet sitt, vil gi ut ei jubileumsbok om verksemda. |
![]() |
|||||||||
Sigurd Ottesen attesten som følgjer alle nybygde skip. Vert utsteden av verkstaden, og inneheld skipsopplysningar som byggjeår, eigartilhøve, byggjenummer og tekniske spesifikasjonar. Sigurd Ottesen har dei siste ti åra arbeidd med å samla opplysningar, spesielt frå Ottesen Skibsbyggjeri, og frå verven i Breiavikjo. Me har vore i kontakt med fleire som har vore med å byggja båtar i Sagvåg, og har fått tilleggsopplysningar den vegen. |
Me veit at mange som me ikkje har vore i kontakt med, må ha fleire opplysningar, eller kan retta på noko av det me har skrive. Me vil at alle de som har noko å fortelja om båtane, eller skipsbyggjeria, tek kontakt med Terje Lamo eller Svein Ottesen. På den måten vil me kunna samla meir stoff om dette, for oss svært interessante lokalhistoriske emnet. Dersom nokon som les dette kjenner historia til ein eller fleire av båtane de finn på listene, så skriv det ned, og send det til oss.
|
||||||||||