LAGSHUSET |
||||
Me har dessverre erfart at altfor mykje av den gamle kulturen vår, nedarva i generasjonar, både på land og sjø, dei siste 20 - 30 åra har forsvunne, til fordel for nye, meir moderne båtar, skipsbyggeri, bygningar og kystmiljø. |
![]() |
1920 var han bokhaldar hos Ottesen Skipsbyggeri på Jensaneset. Det er likevel som handelsmann folk minnast Ole Saue. Under og like etter den fyrste verdskrigen opplevde dei som hadde varer å selja betre tider enn nokon gong før. |
|
|
![]() |
Me var og så heldige å få tildelt ein bra stor pott av pengane som Sparebank 1 Vest delte ut i år, m.a. til kystkulturen. Me kan og leggja til; hadde ikkje me gått inn og kjøpt huset, hadde det etter all sannsynlighet vorten rive. Altfor mykje av gamal bygningsmasse har allerede vorten borte her også. Innvendig er no 1ste etasje omtrent ferdig restaurert, med nytt golv, delvis ny panel, og me får inn vatn og kloakk, eit lite kjøken som stettar dagens krav, og nye bord og stolar. Andre høgda har vorte nytta som bustad av krambu eigaren. Restaurering av dette får koma så snøgt økonomien tillet det. Det første som må skje er skifte av bordkledning på eine sida. Litt om historia til huset. I 1914 tok Erik Olson Saue over krambubygningen. Han var vossing, og hadde meir enn 20 års handelsrøynsle frå Bergen, men hadde også eigd og drive hovudbruket på Nysæter i 4 år før dette. Eldste sonen til Erik Saue, Ole (f. 1897), hadde fått skøyte på krambutufta og eit tilleggsstykke i 1920. Om lag samstundes tok han over handelen etter faren. Han hadde vore krambudreng hos far sin før, men i nokre år før |
![]() |
||
Dette har også skjedd i Sagvåg. Me er derfor sers heldige som kan disponera den gamle treskipsverven ute på Jensaneset, kalla Ottesen Skipsbyggeri, eit treskipsverft frå 1825. Her har me eit nærast unikt miljø for å ivareta kystkulturen, då det meste av utstyr, verktøy og bygningar frå skipsbyggjartida framleis står att, og let seg nytta. Me har leigeavtale med eigarane på deler av dette anlegget. 4 av medlemmene våre har og gått kurs og bygd eigne oselvarar. Sagvågen Kystlag har i 2 - 3 år leigd eit snart 100 år gamalt hus; Sauekrambua, ikkje langt frå gamle Kafe Sjøtun i Sagvåg, som Kystlaget har nytta som lagshus. Tanken var at på sikt, kunne dette kanskje verta eit meir permanent lagshus. Me fekk ein 10 års leigeavtale på huset, og ein engasjert gjeng, med Claus Arvid Almås i spissen, gjekk i gong med å restaurera huset. Tanken var å restaurera huset slik som det opprinneleg var. Og det er eit heilt unikt hus som me her snakkar om. Litt om sjølve huset: Det var opprinneleg, som namnet seier, ei av 3 krambuer ved kaien i Sagvåg. Sagvågen Kystlag har i fleire år vært på jakt etter eit høveleg lagshus, og ein plass der me kan driva og ta vare på kystkulturen. No ville lukka det slikt at huset for eit år sidan var til sals. Me hadde ein del diskusjonar om kjøp, og me tanke på at me allereie hadde lagt ned ein god del arbeid og pengar til restaurering av huset innvendig, vedtok me kjøp av Krambua. Føremålet med huset er og å la andre lokale lag og organisasjonar nytta huset, og elles leiga ut huset til slutta lag og selskap, for å få litt midlar til drifta. |
Det var mykje pengar i omløp,
og kjøpekrafta var stor blant folk. Det er med andre ord mykje god historie bak Sauekrambua, Sagvågen Kystlag tykkjer derfor at dette huset høver godt som lagshus for et kystlag, som arbeider for å ta vare på vår mangslungne kystkultur.
Artikkelen er skrive av Erling A. Hope og Asbjørn Aasheim |
|||